søndag 24. februar 2019

Web 2.0. vs. Norsk 2.0 – heng vi med?


Den digitale verda kan vere litt av ei floke, bilete 1.
Mange vil nok seie at eg vassar i luksus på jobb, og alt ligg til rette for å lukkast som norsklærar i klasse 8B. I klassa mi har eg 21 trivelege og lærevillige elevar. Vi har eit klasserom som er meir enn stort nok, med masse lys og god akustikk. Eg har til og med ein dyktig støttelærar med norskutdanning. 

Det digitale er verkeleg på stell! Kvar elev har sin eigen iPad, vi har smartboardtavle, og eit nett som (nesten) alltid fungerer som det skal. Elevane har alt dei kan ønske seg av appar og fancy funksjonar. Sjølv har eg både ein iPad og ein splitter ny Lenovo Yoga, med pennfunksjon og gode greier! For eit utgangspunkt!!!

Og mykje fungerer godt! Elevane brukar OneNote som notatverktøy, vi har gode system og morosame appar som motiverer for læring. Seinare skal eg presentere nokre av favorittane mine. Så kva er det da som er utfordringa? Den modulen vi tek i nordisk-studiet no, heiter «Norsk 2.0», og refererer til at norskfaget har endra seg, og no må sjåast på i lys av at verda generelt er ei anna enn ho var for 20 år sidan. 


Digital studieteknikk,
bilete 2.
Før og no
Marianne Hagelia skriv i si bok «Digital studieteknikk» at Internettet òg har endra seg. Frå å vere eit statisk verktøy, som hovudsakleg vart bruka til å finne informasjon, kor dei fleste av oss var forbrukarar, er det nye Internettet, «Web 2.0», noko anna. (Hagelia:14) I dag handlar livet på nett i mykje større grad om kommunikasjon, om deling, samarbeid, og om å uttrykkje seg.

Eg har ei kjensle av at mange av oss lærarar, meg sjølv inkludert, heng litt att i Web 1.0, kor tanken rundt bruk av teknologi i undervisninga er noko avgrensa. Vi skriv på PC og iPad, lagar PP-presentasjonar og finn informasjon på nettet, og så tenkjer vi at vi arbeider digitalt. Og for all del! Vi gjer jo det. Men Web 2.0 byr jo på så mykje meir. Eg treng å bli flinkare på å tenkje nytt, og på å ha det digitale i bakhovudet når eg planlegg undervisninga mi. 

Å planleggje undervisninga
Sjølv om det kanskje seier seg sjølv, vil eg gjerne påpeike at det å arbeide med digitale verktøy og sosiale media ikkje skal vere noko vi gjer berre for å gjere det. Når eg planlegg undervisninga mi, må eg først og fremt tenkje på kva elevane skal lære. Henning Fjørtoft omtalar "baklengs planlegging" som at ein først tenkjer på kva vi forventar at elevane skal kunne når vi er ferdige, så på korleis vi skal avdekke kva dei har lært, og til slutt korleis elevane skal lære, sjølve læringsaktiviteten. (Fjørtoft:71) Kanskje kan ein ta det som et teikn på at ein går i rett retning når ein ikkje heilt ser kva som er bakvendt med den tenkinga? 

Når eg sit med kollegaen min og planlegg den neste perioda, er det måla vi går ut frå. Dei kan seie noko om kva elevane skal kunne når vi er ferdige med perioden. Når vi kjem til at vi planlegg læringsaktiviteten, gjer vi ei vurdering rundt kva for digitale verktøy som skal brukast. Det er jo ikke alle gonger det er hensiktsmessig, og vi må passe oss for at verktøyet overskuggar sjølve arbeidet med emnet. Rett som det er har eg opplevd at elevar brukar litt for mykje tid til å leike seg med fancy funkjsonar i appane enn å arbeide med sjølve stoffet, og innhaldet i produktet står ikkje alltid i samsvar med utforminga. Eg trur dette handlar om trening, og at elevane må få tid til å bli kjent med programma, og må komme seg over i den fasen kor dei bruker dei digitale verktøya som verktøy og ikkje som leiketøy. Med det i tankane, meiner eg det er viktig at vi lærarar begrensar antalet ulike program elevane skal bruke.


Nokre av favorittane mine
Det blir lett til at ein finn seg nokre digitale favorittar. Her er nokre av mine:

OneNote
Eg eeelskar OneNote, og tok programmet i bruk i 2012. Til mi store glede har vi no innført OneNote som noteringsverktøy i alle fag på skulen min. Elevane har eigne «bøker» i faga, med sider for notatar, innleveringer og andre emner, avhengig av fag. OneNote egnar seg godt til samskriving og Det siste året har vi óg gjennomført undervegsvurdering i programmet. Her finns uendeleg med mogelegheitar, og det er berre opp til oss å utvikle det vidare. I videoen under kan du få nokre tips 



Showbie

Ein ganske enkel genial app som både eg og elevane liker godt å bruke. Passar utmerka til innlevering av mindre arbeid som lydfiler (perfekt for språklærarar), små videoar, tekstar og bilete. Det går lynkjapt å gje tilbakemeldingar, og dette kan gjerast både som tekst, tale og film. Love it!

Book Creator
Book Creator, bilete 3. 
Ein super app å bruke når elevane skal lage eit samandrag, ein presentasjon eller skrive ein rapport. Den er enkel å bruke, og elevane er superkreative når dei får slå seg laus. Her kan dei leggje inn tekst, bilete, videoar og lydklipp. Viss elevane arbeider med eit tema, er det lett for meg å samle inn sidene deira å til dømes Showbie, for å å setje dei saman til ei bok. Men ver litt våken… Det er ikkje alle effektane i Book Creator som er like godt egna med tanke på layout, så her kan det vere ein god idé å leggje nokre føringar.

Instagram
Eg skal ikkje skryte på meg at dette er noko eg har drive mykje med, men vil dele eit opplegg eg gjennomførte med ei klasse for eit par år tilbake. Da hadde eg 10. Trinn, og vi hadde nettopp lese "Drageløperen" av Khaled Hosseini. Som ein del av etterarbeidet, oppretta vi ein Instagram-brukar kor elevane fekk i oppgåve å poste eit bilete med kommentar og passande emneknaggar, frå Amir sin synsvinkel. Frå kvart sitt kapittel skulle dei finne eit augneblink kor dei skulle gjenskape stemninga frå boka. Her vart det produsert veldig mykje bra, og her er eit par av bileta, publisert med godkjenning frå elevane. 


   


Bilete 4
Powtoon
Dette ER ikkje ein favoritt, men eg har lova meg sjølv at den SKAL BLI det. For meg er dette eit heilt ukjent verktøy, men det verkar utruleg spennande. Her kan eg lage eigne undervisningsvideoar, og dei blir faktisk nokså kule! Kanskje kan det óg vere eit verktøy elevane kan bruke for å lage presetnasjonar? Så langt har eg ikkje komme i tenkinga. Takk til medstudent Hanne som gjorde meg oppmerksam på denne.

Det eg ønskjer meg veldig no, er nokre tips fpr DEG om kva for appar, program eller funksjonar som er verd å sjekke ut. Fyr laus i kommentarfeltet! :) 

Så sant! Bilete 5


Kjelder:

Fjørtoft, Henning. (2009) Effektiv planlegging og vurdering. Bergen: Fagbokforlaget

Hagelia, Marianne. (2017) Digital studieteknikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk


Bilete/video:
- Bilete 1: https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhDQ-2o8DWnsnppP14dAtPbVwXSbyMh8V7qHRp0LZzWPy_xt2tqqxQRLeJeBWPmZDe1uBSdk88otH1abWE_61taXCuTmts6_TzgqR9KjnSyHUFDlNMRbtLDhXQ3vEnJ4s4QK-PyIzklKfM_/s1600/Social-media.jpg 

- Video 1: https://www.youtube.com/watch?v=JQD5c8A_D2g

- Bilete 2: https://www.cappelendamm.no/_digital-studieteknikk-marianne-hagelia-9788202502461

- Bilete 3: http://www.perkinselearning.org/technology/posts/book-creator-app-create-your-own-accessible-books-ios-android-and-windows-tablets 

- Bilete 4: https://www.lifewire.com/thmb/Ig4TWXGmQWEnb-5cq0dJveikpak=/768x0/filters:no_upscale():max_bytes(150000):strip_icc()/powtoon-5b17d71e04d1cf0037f3dde9.PNG

- Bilete 5: https://dribbble.com/shots/2846825-Sharing-is-Caring

16 kommentarer:

  1. Hei! Dette var veldig spennende lesning om digitale verktøy i klasserommet, spesielt måtte jeg søke opp Showbie appen og se litt på hva dette var for noe. Jeg jobber ikke som lærer, (i hvert fall ikke enda), så da er det ekstra interessant å se hvilke digitale verktøy som er i bruk i klasserommene der ute og hvordan de fungerer. Jeg har et barn i tredje klasse hvor de bruker Book Creator aktivt når de skal jobbe med å lage tekster om ulike tema. Det er svært populært. Men jeg mener at læreren sa at biblioteket fort ble fullt. Er dette en utfordring med å bruke Book Creator? Og så lurer jeg som nysgjerrig utenforstående hvordan lærere i praksis får tilgang til og opplysninger om ulike digitale læringsverktøy? Er det snakk om kursing? Får dere bruke fagdager til å sette dere inn i nyvinninger innenfor digitale læringsverktøy? Og er det en selvfølge at man i arbeidshverdagen som lærer får tid til å sette seg godt nok inn i digitale verktøy slik at man kan bruke dem i undervisning på en best mulig måte. Hvor mye av denne utviklingen av digitale verktøy i klasserommet er prisgitt lærerens kompetanse og interesse for teknologi, undrer jeg meg over.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hadde skrive eit laaangt svar, og i staden for å trykke "Publiser", trykka eg "Logg av"... Hurra! Vi prøver igjen!

      Takk for fine tilbakemeldinger! Eg har aldri opplevd at biblioteket i Book Creator har gått fullt, men vi lager ikkje såå mange bøker, heller. Kanskje er produksjonen noko større i enkelte klassar på barneskulen? Det går an å leggje inn ferdige bøker i ein app som heiter "Bøker". Kanskje dette vil løse noko av problemet?

      Kursing, ja.. I wish! Det er dessverre for lite av det. Da vi gjekk over til iPad på skulen vår, fekk vi ein dag med kursing frå leverandøren. Da vart nokre appar, som Book Creator og iThoughts, gjennomgått, og dette var bra! Eg skulle berre ønske det var meir av det. På skulen vår prøver vi å vere gode på deling. Vi bruker av og til fagdagar og fellesmøter på å dele gode, digitale opplegg. Sjølv får ein prøve å følgje med på nettsider og bloggar, og plukke opp eit og anna tips der. Der er eg for dårlig, men skal prøve å bli flinkare!

      Til det aller siste du nevner: Mykje! Alt for mykje.

      Slett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Takk for at du deler de digitale favorittene dine! Du er heldig som har så gode rammer med tanke på digitale verktøy. Nå har ikke jeg vært inne i grunnskolen på noen år, men håper at vi er ferdig med kritt og muggete svamper. Har digitale verktøy i skolen vært et satsingsområde i din kommune? Ut ifra det du skriver, virker det som du er flink til å bruke ulike digitale verktøy i undervisningen. Jeg har også positive erfaringer med bruk av Book Creator i norsk som andrespråk. OneNote og Showbie har jeg ikke brukt i klasserommet, men er noe jeg skal se nærmere på. Tar alle elevene i klassen notater digitalt, eller er det noen som skriver på papir?

    SvarSlett
    Svar
    1. JA, eg er verkeleg heldig! No skal det seiast at eg nokså ofte tyr til krittet òg, men det er jo også veldig lettvint til sitt bruk!

      Ja, det har jo vore eit satsningsområde i kommunen, men kanskje framfor alt har vi ein skule, ei leiing og kolleger som ynskjer å jobbe digitalt.

      Book Creator er eit fint verktøy når elevane skal lage små presentasjonar eller oppsummeringar. Eg brukar det også mykje i spansk, som er det faget eg underviser mest i. Har laga mange finer bøker om ulike emner. Det fungerar veldig fint å samle inn bøkene frå elevane, for så å setje dei saman til ei stor bok.

      Dei aller fleste elevane tek notatar digitalt, ja, men det er nokre som føretrekker å skrive på papir. Det er stort sett greit, seier vi, men da tek dei bilete av notatane sine og legg inn i OneNote, slik at eg kan gå inn og sjå på dei om eg vil. Funkar fjell.

      Slett
  4. Det er interessant å lese om en skole som har det digitale på plass, med egen IPad til elevene samt mange digitale verktøy i bruk. Nå er ikke jeg en erfaren lærer. Har hatt obligatorisk praksis i PPU-studiet, og har nå vært vikar noen uker. Ved min skole (gjelder vel for så vidt hele kommunen) er vi fortsatt i steinalderen. Elevene må hente seg pc-er som lærerne først må booke, og det er ikke nok til hele trinnet. Smartboard har jeg sett (tror jeg), men ikke i bruk.
    Jeg er med deg når du skriver at en må passe seg for at det digitale verktøyet ikke overskygger selve arbeidet med emnet, men at det ligger enorme muligheter dersom man bruker verktøyet riktig. Det er nok smart å begrense antall program elevene kan bruke.
    Takk for at du deler dine digitale favoritter. Jeg har hørt om OneNote, men ikke tatt det i bruk selv. Forstår at det ligger mange muligheter her. Supert at du legger ut YouTube video med tips! Jeg skal sjekke ut de andre programmene. Book Creator har jeg hørt om på PPU-studiet. Jeg er noe usikker på hva en bør ta i bruk på en skole der pc-er ikke er lett tilgjengelige... En del apper kan sikkert elevene laste ned på mobilene sine, disse er jo alltid med. Jeg har selv skrevet om store digitale forskjeller, og blogginnlegget ditt bekrefter at dette er tilfellet. Mange kommuner er langt framme. Andre er fortsatt i steinalderen.


    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er glad vi har komme oss litt ut av steinalderen, og at vi har ein skuleleiar som vil at vi skal jobbe langt framme når det kjem til den digitale kunnskapen. Når det er sagt, er det særs viktig at ein ikkje har det for travelt i ein overgangssituasjon. Det er uhyre viktig at ein tenkjer godt gjennom kva for løysingar ein treng, kva ein ønskjer å satse på. Det er fordelar og ulempar med alt. Hadde EG, og berre eg, skulle bestemt, er eg ikkje sikker på at det hadde vorte iPad. Som norsklærar ser eg at den har sine svake sider som vi ikkje var klar over før vi starta. God research er viktig! Og lytt til erfarne... folk. :)

      Slett
  5. Hei! Dette var både engasjerende, konkret og informativt. Sjøl har jeg ikke jobbet som lærer på mange år, men er en som noen ganger besøker klasser med et foredrag. Da har vi typisk en time, eller to, sammen. Den tida skal være engasjerende og gi et faglig utbytte.
    Foredragene prøver jeg å gi en dialogisk form, bygger det gjerne rundt en powerpoint,bruker bilder, videoer, kahoot og vi lager kanskje en ordsky.
    Sjøl synes jeg det er både tidkrevende og vanskelig å sette meg inn i en nyttig bruk av stadig nye verktøy. Når jeg da har lært meg noe, så holder jeg på det.
    I innlegget ditt forteller du godt og engasjerende om verktøy du bruker, og at kollegaene planlegger nøye og vurderer hvilke verktøy som er hensiktsmessige for det planlagte arbeidet. Jeg fikk lyst til å se nærmere på flere av de digitale ressursene du trekker frem.
    Men så fikk jeg lyst til å spørre deg om tips til et nyttig og hendig verktøy, for en som kommer for 2 timer, og så drar igjen.
    Et verktøy som er lett å bruke, lett tilgjengelig, hvor elevene må undre og reflektere alene, eller sammen i små grupper, men uten (nødvendigvis)å hente informasjon utenfor eget hode, eller hva elevene vet sammen. Og hvor funnene kan presenteres på en felles skjerm.
    Tanken er å sette igang en tankeprosess hos elevene, og la energien og engasjementet i det som kommer frem, prege resten av tida vår.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fin tilbakemelding! :) No har eg grubla litt på spørsmålet ditt. Er litt usikker på om eg skjønner kva du meiner. Slik eg tolkar det, handlar det kanskje mest om å aktiviere forkunnskap? Altså å finne ut kva elevane veit om eit emne frå før, og om å "slå på" det aktuelle kunnskapsfeltet? Eg veit ikkje om eg har noko tips til verktøy. Her trur eg at eg ville brukt ein form for læresamtale. La elevane prate om kva dei kan. To eller tre saman. Det er jo mogeleg at dei gjer seg nokre notatar og presenterer for kvarandre. Dette kan gjerast digitalt. Har dei OneNote? Der er det fine mogelegheitar for samskriving, noko som kan funke i eit slikt arbeid

      Kan hende er det andre som har nokre tips her? :)

      Slett
    2. Sjekk ut denne: https://www.youtube.com/watch?v=Gpb_3lqs4Lc. Den heiter Flinga, og eg kom over den i ein av dei andre bloggane, men eg klarer ikkje å finne den att. Det kan sjå ut som at det er ein form for tankekart eller noko liknande. Denne må eg forske litt på, trur eg... Rop ut om du finn ut korleis den kan brukast. :)

      Slett
    3. No har eg leika meg litt med Flinga, og det er ABSOLUTT verdt ein titt! :D Eg skal bruke det på elevane mine i morgon tidleg. Flinga.fi :)

      Slett
  6. Det var veldig inspirerende og lærerikt for meg å lese om dine erfaringer med bruk av digitale verktøy i klasserommet. Du presenterer flere programmer og forteller hvordan disse fungerer i en undervisningssituasjon på en måte som gjør at jeg får lyst til å finne ut mer om og utforske disse. Fra før har jeg hørt litt om OneNote fra en kollega som han har snakket varmt om det og Showbie har jeg fått kjennskap til gjennom en elev på mellomtrinnet som bruker det i flere fag, men ellers er både Book Creator og Powtoon nytt for meg. Instagram kjenner jeg til, men din måte å bruke det på var absolutt en god ide!
    Du skriver at du gjerne vil ha noen tips om gode apper til undervisningen din, men jeg kan dessverre ikke hjelpe deg. Jeg tilhører veldig kategorien «Web 1.0 -lærer» selv om jeg til daglig bruker PC, Smartboard, internett og smartbøker. Jeg har med andre ord et stort potensialt for utvikling i løpet av dette semesteret på Norsk 2.0. Arbeidet med blogginnleggene og lesing av andres blogger, blant annet din har gitt meg flere gode innspill og nye tanker som jeg blir å ta med videre. Mvh Elin Andersen

    SvarSlett
  7. Her har du mange gode eksempler på hvordan du kan bruke digitale verktøy som norsklærer. Følelsen av at lærerne er litt akterutseilt i forhold til elevene når det gjelder «det siste nye» innen appene, blir kompensert med lærernes pedagogiske kompetanse. Dette får du fint fram her, når du viser til hvordan du planlegger sammen med kollegaer. Liker veldig godt listen din over gode og vel anvendelig digitale verktøy. Sitter med et ønske om å la meg henføre litt av alle mulighetene som er, til å la web 2.0 skape god og engasjerende undervisning.

    SvarSlett
  8. Hei!
    Takk for interessant innlegg om dine erfaringer med digitale verktøy i norskfaget. Jeg synes det var spennende og nyttig å lese om OneNote, Showbie, Book Creator og Pawtoon. Disse verktøyene skal jeg definitivt sjekke ut!
    Selv har jeg foreløpig begrenset erfaring med bruk av digitale verktøy i klasserommet, men har så langt benyttet Instagram og Facebook i dramafag på videregående skole.

    SvarSlett
  9. Dette var spennende lesing for en som jobber på en lite digital arbeidsplass. Jeg er blant dem av mine kolleger som er komfortabel med bruk av pc og iPad, lar elevene finne informasjon på internett og lager powerpoint-presentasjoner med dem. Men du har så rett - vi henger litt igjen, og jeg kjenner et behov for å utvikle min trygghet med ulike digitale verktøy, slik at jeg kan bruke flere av mulighetene som ligger klare. Takk for gode tips!

    SvarSlett
  10. Hei Trude. Jeg føler meg inspirert etter å ha lest dette blogginnlegget. Du presenterer mange spennende verktøy jeg ikke har hørt om før, men ønsker å lære mer om. Jeg ble også veldig nysgjerrig på bruk av Instagram som en del av undervisningen. Hva er dine erfaringer med bruk av Instagram som en del av undervisningen? Hvem hadde tilgang til bildene dere publiserte? Jeg synes ideen er god, spesielt med tanke på at det er en sosial digital arena mange av elevene våre bruker i hverdagen. På en annen side tenker jeg også at det kan være utfordrende med tanke på personvern, mobbing, krenkende kommentarer osv. Takker for mange gode tips!

    SvarSlett

Sååå mange interessante bloggar!

Det er verkeleg håp for framtida, folkens! Eg er megaimponert over kor mange fine bloggar som finst der ute, kor medstudentane mine har refl...