onsdag 6. februar 2019

Literacy og digitale tekstar


Eg skal innrømme at omgrepet literacy er nokså nytt for meg. Eg har nok vore borti det i nokre samanhengar, men har vel tenkt at det er noko veldig avansert, og om eg berre held kjeft, så trur alle at eg veit kva det er. Etter å ha lese meg opp litt på området, har eg skaffa meg ei slags forståing av kva det er, men lèt ordet seg omsetjast til eit godt, norsk ord?

Her kan vi, med sjølvaste Språkrådet i ryggen, slå fast at nei, det gjer det ikkje. Og det er nettopp årsaka til at vi fortsett å bruke det engelske ordet. Alle kjeldene eg har tatt for meg startar med å seie at literacy er eit særs omfattande omgrep, og at det er vanskeleg å gje ein god definisjon av det. Ein del av meg legg armane i kors over brystet og tenkjer at «Da kan det vere det same!» Eg skal prøve å oversjå den delen, og likevel gjere eit forsøk. Noko av det næraste vi kjem ei omsetjing vil vere lese- og skrivekompetanse, men det er heller ikkje eit omgrep som dekker det heile. Vi må sjå på omgrepet i ein særs vid forstand, og tenkje at det tek for seg alle aspekt ved lesing og skriving. Henning Fjørtoft skriv i si bok Norskpedagogikk (2014:71) at «…det er viktig å forstå literacy som et kontinuum med ulike nivåer og bruksmåter avhengig av konteksten. Det finnes ikke én literacy, men mange literacies fordi vi involverer oss i ulike former for talespråklige og skriftspråklige praksiser gjennom livet, både papirbaserte og digitale.»

Åkei. Så det vi snakkar om her, er korleis vi, gjennom ferdigheit innan skriftleg og munnleg språk, gjennom evne til å tolke tekst og bilete, kan nyttegjere oss all den informasjon og dei ulike media vi omgjev oss med. Har eg forstått det riktig, tru? Det vil seie at literacy er avgjerande for kor vidt vi klarer å fungere i kvardagen, delta i samfunnsdebattar, sosialt samspel og å tileigne oss ny kunnskap. Det er jo ikkje småtteri!

I vår del av verda tek nok dei fleste av oss literacy for gitt. Her er ein liten snutt eg fann som viser kor stor betyding det å kunne lese kan ha for eit menneske.


Da eg vaks opp på 80-talet, hadde vi lærebøker på skulen. Vi lærte å lese frå ei lesebok, og vi skreiv i ei skrivebok. Vi las bøker vi hadde lånt på biblioteket, og dei mest oppegåande bladde av og til i ei avis. Vi hadde brevvenar, og nokre av oss skreiv dagbok. Og så las vi Donald! Om 1987-Trude hadde ramla inn i eit klasserom i 2019 hadde verda sett noko annleis ut… IPad og lesebrett, appar og nettsider, digitale lærebøker og engasjerande lesar. OneNote, Showbie, Book Creator, Onedrive, Kahoot og Quizlet. Dette er digitale løysingar mine elevar i dag meistrar med glans. Dei manøvrerer seg gjennom ein jungel av appar og plattformar på imponerande vis, og det hender 8.klassingen må hjelpe læraren med å finne fram. Det er rett og slett imponerande kva ungdommen i dag får til. Men korleis står det til med literacyen? Eller for å vere enda meir konkret; korleis ligg vi an med lesing i den digitale verda? Klarer vi å hente ut like mykje informasjon frå tekstar på skjermen som frå tekstar i papirform?

Sjølv strevar eg med å lese mykje tekst på ein skjerm. For min del handlar det om at eg føler at eg mister oversikta når eg må scrolle nedover på ei side, og eg blir ufokusert. Eg lurer veldig på korleis dette opplevast for 2019-eleven. Har han det på same vis, eller er det steinalder-Trude som byrjar å gå ut på dato? Marianne Hagelia er ein av dei som har sett nærare på dette, og ho er opptatt av at lesing på skjerm er noko som må lærast. Ho skriv i sin blogg at «Vi må øve elevene i å lese digitalt», og at det å lære dei korleis ein angrip ein digital tekst er noko som har stor betyding for kor mykje dei får ut av lesinga. (Hagelia, 2015)

Eg er usikker på i kor stor grad det arbeidast med dette ute i skulen. Eg kan i alle fall, med handa på hjartet, seie at eg ikkje bruker mykje tid på å lære elevane opp i lesing av digitale tekstar. Eg tek det kanskje for gitt at elevane kan dette når dei kjem frå barneskulen, men korleis står det eigentleg til på dette området rundt omkring? Kom gjerne med tilbakemelding på dette i kommentarfeltet. Korleis arbeider DU med digital lesing i skulen?


Kjelder:
Fjørtoft, Henning. (2014) Norskdidaktikk. Bergen: Fagbokforlaget.
Hagelia, Marianne (2015) Vi må øve elevene i å lese digitalt. Lasta ned, 06.02.2019 frå: https://dataskole.wordpress.com/2015/12/13/vi-ma-ove-elevene-i-a-lese-digitalt/
Sprakradet.no. Literacy. Lasta ned, 06.02.2019 frå:  https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/literacy/

Kjelder bilete/video:

2 kommentarer:

  1. Svært interessant spørsmål du reiser her til slutt i innlegget ditt, og jeg vil også gjerne høre om andres erfaringer på området.

    SvarSlett
  2. Hei, Trude. Jeg har også vokst opp med Donald Duck, skolebøker og bokklubber. Det har jeg fortsatt forresten, medlemskap i bokklubb. Samtidig som jeg abonnerer på lydbøker og e-bøker. Mulighetene i dag har blitt så mye større.

    I innlegget ditt reiser du noen interessante spørsmål om digital lesing. Jeg synes også at det er vanskeligere å få med meg innholdet i en digital tekst, men jeg føler også at jeg stadig behersker det bedre. Altså at dette er noe jeg kan lære meg opp i. Jeg har ikke undervist i norsk faget, men inntrykket jeg har generelt sett er at digital lesestrategier ikke har så mye fokus enda i skolen. Et kjapt spørsmål til mine to barn styrker antakelsene.

    Du har link til et blogginnlegg fra Hagelia hvor det er noen gode råd til lesestrategi, de skal jeg prøve neste gang jeg leser en digital tekst. Kanskje jeg blir enda bedre.


    Takk for interessant lesing.

    SvarSlett

Sååå mange interessante bloggar!

Det er verkeleg håp for framtida, folkens! Eg er megaimponert over kor mange fine bloggar som finst der ute, kor medstudentane mine har refl...