Den digitale verda kan vere litt av ei floke, bilete 1. |
Mange vil
nok seie at eg vassar i luksus på jobb, og alt ligg til rette for å lukkast som
norsklærar i klasse 8B. I klassa mi har eg 21 trivelege og lærevillige elevar. Vi
har eit klasserom som er meir enn stort nok, med masse lys og god akustikk. Eg
har til og med ein dyktig støttelærar med norskutdanning.
Det digitale er verkeleg på stell! Kvar elev har sin eigen iPad, vi har smartboardtavle, og eit nett som (nesten) alltid fungerer som det skal. Elevane har alt dei kan ønske seg av appar og fancy funksjonar. Sjølv har eg både ein iPad og ein splitter ny Lenovo Yoga, med pennfunksjon og gode greier! For eit utgangspunkt!!!

Og mykje fungerer
godt! Elevane brukar OneNote som notatverktøy, vi har gode system og morosame
appar som motiverer for læring. Seinare skal eg presentere nokre av favorittane
mine. Så kva er det da som er utfordringa? Den modulen vi tek i nordisk-studiet
no, heiter «Norsk 2.0», og refererer til at norskfaget har endra seg, og no må
sjåast på i lys av at verda generelt er ei anna enn ho var for 20 år sidan.
Før og no
Marianne Hagelia skriv i si bok «Digital studieteknikk» at Internettet òg har endra seg. Frå å vere eit statisk verktøy, som hovudsakleg vart bruka til å finne informasjon, kor dei fleste av oss var forbrukarar, er det nye Internettet, «Web 2.0», noko anna. (Hagelia:14) I dag handlar livet på nett i mykje større grad om kommunikasjon, om deling, samarbeid, og om å uttrykkje seg.
Digital studieteknikk, bilete 2. |

Eg har ei
kjensle av at mange av oss lærarar, meg sjølv inkludert, heng litt att i Web
1.0, kor tanken rundt bruk av teknologi i undervisninga er noko avgrensa. Vi
skriv på PC og iPad, lagar PP-presentasjonar og finn informasjon på nettet, og
så tenkjer vi at vi arbeider digitalt. Og for all del! Vi gjer jo det. Men Web
2.0 byr jo på så mykje meir. Eg treng å bli flinkare på å tenkje nytt, og på å ha det digitale i bakhovudet når eg planlegg undervisninga mi.
Å planleggje undervisninga
Sjølv om det kanskje seier seg sjølv, vil eg gjerne påpeike at det å arbeide med digitale verktøy og sosiale media ikkje skal vere noko vi gjer berre for å gjere det. Når eg planlegg undervisninga mi, må eg først og fremt tenkje på kva elevane skal lære. Henning Fjørtoft omtalar "baklengs planlegging" som at ein først tenkjer på kva vi forventar at elevane skal kunne når vi er ferdige, så på korleis vi skal avdekke kva dei har lært, og til slutt korleis elevane skal lære, sjølve læringsaktiviteten. (Fjørtoft:71) Kanskje kan ein ta det som et teikn på at ein går i rett retning når ein ikkje heilt ser kva som er bakvendt med den tenkinga?
Når eg sit med kollegaen min og planlegg den neste perioda, er det måla vi går ut frå. Dei kan seie noko om kva elevane skal kunne når vi er ferdige med perioden. Når vi kjem til at vi planlegg læringsaktiviteten, gjer vi ei vurdering rundt kva for digitale verktøy som skal brukast. Det er jo ikke alle gonger det er hensiktsmessig, og vi må passe oss for at verktøyet overskuggar sjølve arbeidet med emnet. Rett som det er har eg opplevd at elevar brukar litt for mykje tid til å leike seg med fancy funkjsonar i appane enn å arbeide med sjølve stoffet, og innhaldet i produktet står ikkje alltid i samsvar med utforminga. Eg trur dette handlar om trening, og at elevane må få tid til å bli kjent med programma, og må komme seg over i den fasen kor dei bruker dei digitale verktøya som verktøy og ikkje som leiketøy. Med det i tankane, meiner eg det er viktig at vi lærarar begrensar antalet ulike program elevane skal bruke.

Nokre av favorittane mine
Det blir
lett til at ein finn seg nokre digitale favorittar. Her er nokre av mine:
OneNote
Eg
eeelskar OneNote, og tok programmet i bruk i 2012. Til mi store glede har vi no
innført OneNote som noteringsverktøy i alle fag på skulen min. Elevane har eigne
«bøker» i faga, med sider for notatar, innleveringer og andre emner, avhengig
av fag. OneNote egnar seg godt til samskriving og Det siste året har vi
óg gjennomført undervegsvurdering i programmet. Her finns uendeleg med
mogelegheitar, og det er berre opp til oss å utvikle det vidare. I videoen under kan du få nokre tips
Showbie
Ein
ganske enkel genial app som både eg og elevane liker godt å bruke. Passar
utmerka til innlevering av mindre arbeid som lydfiler (perfekt for
språklærarar), små videoar, tekstar og bilete. Det går lynkjapt å gje
tilbakemeldingar, og dette kan gjerast både som tekst, tale og film. Love it!
Book Creator
Book Creator, bilete 3. |
Instagram
Eg skal
ikkje skryte på meg at dette er noko eg har drive mykje med, men vil dele eit opplegg
eg gjennomførte med ei klasse for eit par år tilbake. Da hadde eg 10.
Trinn, og vi hadde nettopp lese "Drageløperen" av Khaled Hosseini. Som ein del av etterarbeidet,
oppretta vi ein Instagram-brukar kor elevane fekk i oppgåve å poste eit bilete med
kommentar og passande emneknaggar, frå Amir sin synsvinkel. Frå kvart sitt kapittel skulle dei finne
eit augneblink kor dei skulle gjenskape stemninga frå boka. Her vart det
produsert veldig mykje bra, og her er eit par av bileta, publisert med godkjenning
frå elevane.
Dette ER
ikkje ein favoritt, men eg har lova meg sjølv at den SKAL BLI det. For meg er
dette eit heilt ukjent verktøy, men det verkar utruleg spennande. Her kan eg
lage eigne undervisningsvideoar, og dei blir faktisk nokså kule! Kanskje kan
det óg vere eit verktøy elevane kan bruke for å lage presetnasjonar? Så
langt har eg ikkje komme i tenkinga. Takk til medstudent Hanne som gjorde meg
oppmerksam på denne.
Så sant! Bilete 5 |
Kjelder:
Fjørtoft, Henning. (2009) Effektiv planlegging og vurdering. Bergen: Fagbokforlaget
Hagelia, Marianne. (2017) Digital studieteknikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk
Hagelia, Marianne. (2017) Digital studieteknikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk
Bilete/video:
- Bilete 1: https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhDQ-2o8DWnsnppP14dAtPbVwXSbyMh8V7qHRp0LZzWPy_xt2tqqxQRLeJeBWPmZDe1uBSdk88otH1abWE_61taXCuTmts6_TzgqR9KjnSyHUFDlNMRbtLDhXQ3vEnJ4s4QK-PyIzklKfM_/s1600/Social-media.jpg
- Video 1: https://www.youtube.com/watch?v=JQD5c8A_D2g
- Bilete 2: https://www.cappelendamm.no/_digital-studieteknikk-marianne-hagelia-9788202502461
- Bilete 3: http://www.perkinselearning.org/technology/posts/book-creator-app-create-your-own-accessible-books-ios-android-and-windows-tablets
- Bilete 4: https://www.lifewire.com/thmb/Ig4TWXGmQWEnb-5cq0dJveikpak=/768x0/filters:no_upscale():max_bytes(150000):strip_icc()/powtoon-5b17d71e04d1cf0037f3dde9.PNG
- Bilete 4: https://www.lifewire.com/thmb/Ig4TWXGmQWEnb-5cq0dJveikpak=/768x0/filters:no_upscale():max_bytes(150000):strip_icc()/powtoon-5b17d71e04d1cf0037f3dde9.PNG
- Bilete 5: https://dribbble.com/shots/2846825-Sharing-is-Caring