mandag 4. mars 2019

Sååå mange interessante bloggar!

Det er verkeleg håp for framtida, folkens! Eg er megaimponert over kor mange fine bloggar som finst der ute, kor medstudentane mine har reflektert rundt literacy og digitale verktøy/sosiale medier. Her er nokre kommentarar eg har kome med på desse. 





Kommentar til Hanne Dypedal om digitale verktøy i blogginnlegget "Først og fremst pedagogikk - så valg av verktøy"
Eventuelt…

Kommentar til Åslaug Klingen om digitale verktøy i blogginnlegget "Digitale verktøy i klasserommet"

Kommentar til Monika Bakken om literacy i blogginnlegget "Er Vygotskij forstatt i klasserommet?"


Biletekjelde: https://www.google.com/search?rlz=1C1GCEU_noNO830NO830&biw=1280&bih=578&tbm=isch&sa=1&ei=pvN8XJG9NuqIrwSG2byYCA&q=comment&oq=comment&gs_l=img.3..0l10.11880.11880..12087...0.0..0.73.73.1......1....1..gws-wiz-img.yRSX21TiEFI#imgrc=TghVqbMGnxA2tM:

søndag 24. februar 2019

Web 2.0. vs. Norsk 2.0 – heng vi med?


Den digitale verda kan vere litt av ei floke, bilete 1.
Mange vil nok seie at eg vassar i luksus på jobb, og alt ligg til rette for å lukkast som norsklærar i klasse 8B. I klassa mi har eg 21 trivelege og lærevillige elevar. Vi har eit klasserom som er meir enn stort nok, med masse lys og god akustikk. Eg har til og med ein dyktig støttelærar med norskutdanning. 

Det digitale er verkeleg på stell! Kvar elev har sin eigen iPad, vi har smartboardtavle, og eit nett som (nesten) alltid fungerer som det skal. Elevane har alt dei kan ønske seg av appar og fancy funksjonar. Sjølv har eg både ein iPad og ein splitter ny Lenovo Yoga, med pennfunksjon og gode greier! For eit utgangspunkt!!!

Og mykje fungerer godt! Elevane brukar OneNote som notatverktøy, vi har gode system og morosame appar som motiverer for læring. Seinare skal eg presentere nokre av favorittane mine. Så kva er det da som er utfordringa? Den modulen vi tek i nordisk-studiet no, heiter «Norsk 2.0», og refererer til at norskfaget har endra seg, og no må sjåast på i lys av at verda generelt er ei anna enn ho var for 20 år sidan. 


Digital studieteknikk,
bilete 2.
Før og no
Marianne Hagelia skriv i si bok «Digital studieteknikk» at Internettet òg har endra seg. Frå å vere eit statisk verktøy, som hovudsakleg vart bruka til å finne informasjon, kor dei fleste av oss var forbrukarar, er det nye Internettet, «Web 2.0», noko anna. (Hagelia:14) I dag handlar livet på nett i mykje større grad om kommunikasjon, om deling, samarbeid, og om å uttrykkje seg.

Eg har ei kjensle av at mange av oss lærarar, meg sjølv inkludert, heng litt att i Web 1.0, kor tanken rundt bruk av teknologi i undervisninga er noko avgrensa. Vi skriv på PC og iPad, lagar PP-presentasjonar og finn informasjon på nettet, og så tenkjer vi at vi arbeider digitalt. Og for all del! Vi gjer jo det. Men Web 2.0 byr jo på så mykje meir. Eg treng å bli flinkare på å tenkje nytt, og på å ha det digitale i bakhovudet når eg planlegg undervisninga mi. 

Å planleggje undervisninga
Sjølv om det kanskje seier seg sjølv, vil eg gjerne påpeike at det å arbeide med digitale verktøy og sosiale media ikkje skal vere noko vi gjer berre for å gjere det. Når eg planlegg undervisninga mi, må eg først og fremt tenkje på kva elevane skal lære. Henning Fjørtoft omtalar "baklengs planlegging" som at ein først tenkjer på kva vi forventar at elevane skal kunne når vi er ferdige, så på korleis vi skal avdekke kva dei har lært, og til slutt korleis elevane skal lære, sjølve læringsaktiviteten. (Fjørtoft:71) Kanskje kan ein ta det som et teikn på at ein går i rett retning når ein ikkje heilt ser kva som er bakvendt med den tenkinga? 

Når eg sit med kollegaen min og planlegg den neste perioda, er det måla vi går ut frå. Dei kan seie noko om kva elevane skal kunne når vi er ferdige med perioden. Når vi kjem til at vi planlegg læringsaktiviteten, gjer vi ei vurdering rundt kva for digitale verktøy som skal brukast. Det er jo ikke alle gonger det er hensiktsmessig, og vi må passe oss for at verktøyet overskuggar sjølve arbeidet med emnet. Rett som det er har eg opplevd at elevar brukar litt for mykje tid til å leike seg med fancy funkjsonar i appane enn å arbeide med sjølve stoffet, og innhaldet i produktet står ikkje alltid i samsvar med utforminga. Eg trur dette handlar om trening, og at elevane må få tid til å bli kjent med programma, og må komme seg over i den fasen kor dei bruker dei digitale verktøya som verktøy og ikkje som leiketøy. Med det i tankane, meiner eg det er viktig at vi lærarar begrensar antalet ulike program elevane skal bruke.


Nokre av favorittane mine
Det blir lett til at ein finn seg nokre digitale favorittar. Her er nokre av mine:

OneNote
Eg eeelskar OneNote, og tok programmet i bruk i 2012. Til mi store glede har vi no innført OneNote som noteringsverktøy i alle fag på skulen min. Elevane har eigne «bøker» i faga, med sider for notatar, innleveringer og andre emner, avhengig av fag. OneNote egnar seg godt til samskriving og Det siste året har vi óg gjennomført undervegsvurdering i programmet. Her finns uendeleg med mogelegheitar, og det er berre opp til oss å utvikle det vidare. I videoen under kan du få nokre tips 



Showbie

Ein ganske enkel genial app som både eg og elevane liker godt å bruke. Passar utmerka til innlevering av mindre arbeid som lydfiler (perfekt for språklærarar), små videoar, tekstar og bilete. Det går lynkjapt å gje tilbakemeldingar, og dette kan gjerast både som tekst, tale og film. Love it!

Book Creator
Book Creator, bilete 3. 
Ein super app å bruke når elevane skal lage eit samandrag, ein presentasjon eller skrive ein rapport. Den er enkel å bruke, og elevane er superkreative når dei får slå seg laus. Her kan dei leggje inn tekst, bilete, videoar og lydklipp. Viss elevane arbeider med eit tema, er det lett for meg å samle inn sidene deira å til dømes Showbie, for å å setje dei saman til ei bok. Men ver litt våken… Det er ikkje alle effektane i Book Creator som er like godt egna med tanke på layout, så her kan det vere ein god idé å leggje nokre føringar.

Instagram
Eg skal ikkje skryte på meg at dette er noko eg har drive mykje med, men vil dele eit opplegg eg gjennomførte med ei klasse for eit par år tilbake. Da hadde eg 10. Trinn, og vi hadde nettopp lese "Drageløperen" av Khaled Hosseini. Som ein del av etterarbeidet, oppretta vi ein Instagram-brukar kor elevane fekk i oppgåve å poste eit bilete med kommentar og passande emneknaggar, frå Amir sin synsvinkel. Frå kvart sitt kapittel skulle dei finne eit augneblink kor dei skulle gjenskape stemninga frå boka. Her vart det produsert veldig mykje bra, og her er eit par av bileta, publisert med godkjenning frå elevane. 


   


Bilete 4
Powtoon
Dette ER ikkje ein favoritt, men eg har lova meg sjølv at den SKAL BLI det. For meg er dette eit heilt ukjent verktøy, men det verkar utruleg spennande. Her kan eg lage eigne undervisningsvideoar, og dei blir faktisk nokså kule! Kanskje kan det óg vere eit verktøy elevane kan bruke for å lage presetnasjonar? Så langt har eg ikkje komme i tenkinga. Takk til medstudent Hanne som gjorde meg oppmerksam på denne.

Det eg ønskjer meg veldig no, er nokre tips fpr DEG om kva for appar, program eller funksjonar som er verd å sjekke ut. Fyr laus i kommentarfeltet! :) 

Så sant! Bilete 5


Kjelder:

Fjørtoft, Henning. (2009) Effektiv planlegging og vurdering. Bergen: Fagbokforlaget

Hagelia, Marianne. (2017) Digital studieteknikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk


Bilete/video:
- Bilete 1: https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhDQ-2o8DWnsnppP14dAtPbVwXSbyMh8V7qHRp0LZzWPy_xt2tqqxQRLeJeBWPmZDe1uBSdk88otH1abWE_61taXCuTmts6_TzgqR9KjnSyHUFDlNMRbtLDhXQ3vEnJ4s4QK-PyIzklKfM_/s1600/Social-media.jpg 

- Video 1: https://www.youtube.com/watch?v=JQD5c8A_D2g

- Bilete 2: https://www.cappelendamm.no/_digital-studieteknikk-marianne-hagelia-9788202502461

- Bilete 3: http://www.perkinselearning.org/technology/posts/book-creator-app-create-your-own-accessible-books-ios-android-and-windows-tablets 

- Bilete 4: https://www.lifewire.com/thmb/Ig4TWXGmQWEnb-5cq0dJveikpak=/768x0/filters:no_upscale():max_bytes(150000):strip_icc()/powtoon-5b17d71e04d1cf0037f3dde9.PNG

- Bilete 5: https://dribbble.com/shots/2846825-Sharing-is-Caring

onsdag 6. februar 2019

Literacy og digitale tekstar


Eg skal innrømme at omgrepet literacy er nokså nytt for meg. Eg har nok vore borti det i nokre samanhengar, men har vel tenkt at det er noko veldig avansert, og om eg berre held kjeft, så trur alle at eg veit kva det er. Etter å ha lese meg opp litt på området, har eg skaffa meg ei slags forståing av kva det er, men lèt ordet seg omsetjast til eit godt, norsk ord?

Her kan vi, med sjølvaste Språkrådet i ryggen, slå fast at nei, det gjer det ikkje. Og det er nettopp årsaka til at vi fortsett å bruke det engelske ordet. Alle kjeldene eg har tatt for meg startar med å seie at literacy er eit særs omfattande omgrep, og at det er vanskeleg å gje ein god definisjon av det. Ein del av meg legg armane i kors over brystet og tenkjer at «Da kan det vere det same!» Eg skal prøve å oversjå den delen, og likevel gjere eit forsøk. Noko av det næraste vi kjem ei omsetjing vil vere lese- og skrivekompetanse, men det er heller ikkje eit omgrep som dekker det heile. Vi må sjå på omgrepet i ein særs vid forstand, og tenkje at det tek for seg alle aspekt ved lesing og skriving. Henning Fjørtoft skriv i si bok Norskpedagogikk (2014:71) at «…det er viktig å forstå literacy som et kontinuum med ulike nivåer og bruksmåter avhengig av konteksten. Det finnes ikke én literacy, men mange literacies fordi vi involverer oss i ulike former for talespråklige og skriftspråklige praksiser gjennom livet, både papirbaserte og digitale.»

Åkei. Så det vi snakkar om her, er korleis vi, gjennom ferdigheit innan skriftleg og munnleg språk, gjennom evne til å tolke tekst og bilete, kan nyttegjere oss all den informasjon og dei ulike media vi omgjev oss med. Har eg forstått det riktig, tru? Det vil seie at literacy er avgjerande for kor vidt vi klarer å fungere i kvardagen, delta i samfunnsdebattar, sosialt samspel og å tileigne oss ny kunnskap. Det er jo ikkje småtteri!

I vår del av verda tek nok dei fleste av oss literacy for gitt. Her er ein liten snutt eg fann som viser kor stor betyding det å kunne lese kan ha for eit menneske.


Da eg vaks opp på 80-talet, hadde vi lærebøker på skulen. Vi lærte å lese frå ei lesebok, og vi skreiv i ei skrivebok. Vi las bøker vi hadde lånt på biblioteket, og dei mest oppegåande bladde av og til i ei avis. Vi hadde brevvenar, og nokre av oss skreiv dagbok. Og så las vi Donald! Om 1987-Trude hadde ramla inn i eit klasserom i 2019 hadde verda sett noko annleis ut… IPad og lesebrett, appar og nettsider, digitale lærebøker og engasjerande lesar. OneNote, Showbie, Book Creator, Onedrive, Kahoot og Quizlet. Dette er digitale løysingar mine elevar i dag meistrar med glans. Dei manøvrerer seg gjennom ein jungel av appar og plattformar på imponerande vis, og det hender 8.klassingen må hjelpe læraren med å finne fram. Det er rett og slett imponerande kva ungdommen i dag får til. Men korleis står det til med literacyen? Eller for å vere enda meir konkret; korleis ligg vi an med lesing i den digitale verda? Klarer vi å hente ut like mykje informasjon frå tekstar på skjermen som frå tekstar i papirform?

Sjølv strevar eg med å lese mykje tekst på ein skjerm. For min del handlar det om at eg føler at eg mister oversikta når eg må scrolle nedover på ei side, og eg blir ufokusert. Eg lurer veldig på korleis dette opplevast for 2019-eleven. Har han det på same vis, eller er det steinalder-Trude som byrjar å gå ut på dato? Marianne Hagelia er ein av dei som har sett nærare på dette, og ho er opptatt av at lesing på skjerm er noko som må lærast. Ho skriv i sin blogg at «Vi må øve elevene i å lese digitalt», og at det å lære dei korleis ein angrip ein digital tekst er noko som har stor betyding for kor mykje dei får ut av lesinga. (Hagelia, 2015)

Eg er usikker på i kor stor grad det arbeidast med dette ute i skulen. Eg kan i alle fall, med handa på hjartet, seie at eg ikkje bruker mykje tid på å lære elevane opp i lesing av digitale tekstar. Eg tek det kanskje for gitt at elevane kan dette når dei kjem frå barneskulen, men korleis står det eigentleg til på dette området rundt omkring? Kom gjerne med tilbakemelding på dette i kommentarfeltet. Korleis arbeider DU med digital lesing i skulen?


Kjelder:
Fjørtoft, Henning. (2014) Norskdidaktikk. Bergen: Fagbokforlaget.
Hagelia, Marianne (2015) Vi må øve elevene i å lese digitalt. Lasta ned, 06.02.2019 frå: https://dataskole.wordpress.com/2015/12/13/vi-ma-ove-elevene-i-a-lese-digitalt/
Sprakradet.no. Literacy. Lasta ned, 06.02.2019 frå:  https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/literacy/

Kjelder bilete/video:

mandag 21. januar 2019

Å blogge - bloggar - blogga - har blogga



Hei, og velkommen til bloggen min! Dette har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert… Å skrive blogginnlegg er først og fremt eit arbeidskrav i studiet eg er i gang med å ta ved NTNU; NORD6110 Norsk 2.0. Her skal eg gjennom fleire innlegg reflektere rundt eigen praksis og faglege problemstillingar. Og kven veit? Kanskje blogging faktisk kan være morosamt? J

Først litt om meg sjølv. Eg heiter Trude Motrøen Øhlén, kjem opphaveleg frå Verdal, men har no budd i Selbu sidan 2004. Eg er gift med ein høg, mørk mann frå nord, og saman har vi tre flotte ungar på 10, 13 og 16 år. På fritida driv eg med Taekwon-do, verdas artigaste sport, samt at eg har fullstendig strikkedilla. Vi har ei hytte i nabokommunen, og ho besøker vi så ofte som vi kan. I desse dagar har det lagt seg eit tjukt teppe med puddersnø i dalføret og fjella rundt, og da kriblar det i topptur-muskelen.

Eg arbeider som lærar på ungdomsskulen i bygda, og trivst særs godt med det. Dei siste åra har eg hovudsakleg undervist i to fag, norsk og spansk, men eg har òg undervist i musikk i ein del år. Eg har spansk på alle trinna på skulen, og norsk på åttande trinn. I tillegg er eg bibliotekar på skulebiblioteket og MOT-coach. Ein allsidig kvardag, med andre ord.

For nokre år tilbake hadde eg ein kollega som alltid snakka så varmt om da ho studerte Nordisk i Trondheim. Eg tenkte at når anledninga baud seg, skulle eg gripe sjansen og hive meg på studiet. Som ei gåvepakke kom kravet om at alle som underviser i norsk på ungdomstrinnet må ha minst 60 studiepoeng i faget. Med mine skarve 30stp frå Nesna, såg eg no mitt snitt til å slenge inn ein søknad. No har eg gjort unna dei første 15stp, og ventar i spaning på resultatet frå eksamen før jul. Eg gler meg veldig til å komme i gang med denne modulen, Norsk 2.0. Ut frå studieoversikten og semesterplanen ser det veldig interessant ut, og eg trur dette vil bli eit særs relevant studie med tanke på min eigen praksis. Eg forventar at dette studiet vil gjere meg betre rusta til å drive målretta planlegging og vurdering i faget, og at eg skal bli fortruleg med forskingsarbeid. Her kjenner eg at eg er på veg ut på tynn is... Eg ser på meg sjølv som ein lærar som ligg relativt langt framme når det kjem til det å bruke digitale verktøy i undervisninga, men eg ser fram til å lære enda meir om dette.

Sååå mange interessante bloggar!

Det er verkeleg håp for framtida, folkens! Eg er megaimponert over kor mange fine bloggar som finst der ute, kor medstudentane mine har refl...